Hotell  og   Gjestehus

 

En perle mellom øst og vest

       1889                                                                                                2010

 

Start  om hotellet  historien  Naturen Fasilteter Aktiviteter Priser Linker kontakt

 

 

HISTORIEN:

 

Det var i 1889 at det vart skyss-stasjon på Pollfoss. Det var ein ekte Skjåkværing, Christian A. Hjeltar,  

som byrja her. Han tok til med to gamle stølshus som han fekk sett ihop. Når ein ser i dei gamle skyss-

stajonsbøker, så gjev dei eit levande bilete av ferdsla. Her finn vi namn av ferdafolk. Men det er ikkje eit fullstendig  

bilete vi får, for det var ikkje kven som helst som hadde råd til å hyre seg skyss og betale for hest og karjol. Nei, dei  

fleste fekk nok finne seg i å gå om dei ville sine vegar fram. Men ein liten stogg på ein skyss-stasjon  kunne vere godt. 

Ein kunne få seg noko å drikke attåt nista og kanskje ein neve havre til hesten.

 

Det vart arbeidt med å få veg over fjellet, - skikkeleg veg. Det vart søkt både til stat og fylke. Fjordingane ville  

ha den over Strynefjellet og ned til Oppstryn. Møringane ville ha den til Geiranger. Det var den vegen som kom fyrst.

I 1889. Men lenger utpå 90-talet kom Strynefjellsvegen. No vart det råd å gjere noko meir utav skyss-stasjonen. Her  

skulle vere hotell og gjestehus.  Og ikkje berre det, men eit knutepunkt skulle det vere. I 1894 var her brevhus og litt

etter litt vart eit samfunn til hotellet, som folk sa.

 

Det vart ofte eit bissen når her kom storfolk på besøk. I 1905, sjølvaste frigjeringsåret, var diktarhøvdingen

Bjørnstjerne Bjørnson på vitjing. Hotellet var stasa opp med flagg og bjørkelauv som det sømde seg når ein skulle ta

imot ein slik kar. Men Bjørnstjerne Bjørnson er ikkje den einaste diktaren som har funne det heimleg på Pollfoss.

 

Også Olav Aukrust var her gong etter gong i 20-åra. Men det var ikkje slikt folk ein hadde å lite på når ein skulle

drive hotell og skyss-stasjon. Det var nok meir det vanlege ferdafolket ein laut lita på

 

Litt etterkvart auka straumen av turistar, Både innanlands og utanlands kom dei frå – for her var rikeleg med

fjellterreng og rike fiskevatn.

 

Den andre hotelleigaren, Robert Bøje, var ein ivrig friluftsmann. Og han bar settefisk til mange fisketome tjønn og

vatn og gjorde dei til rike og gode fiskevatn. Dette kultiveringsarbeidet kan no gjestane ha nytte og glede av.